Hva skjer?

Sunnfjord Museum
Museet ligg i Movika like aust for Førde sentrum. På museet finn du ei friluftsavdeling, der hovuddelen syner korleis livet var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord kring midten av 1800-talet.
Les meir

__________________________________________________________________________________________________
Sogn og Fjordane kunstmuseum
 Les meir

__________________________________________________________________________________________________
Sildeboret
 historie Sildebordet blei første gang arrangert i 1992.  Målsettinga var å lage eit arrangement som skapte liv og røre og auka omsetning i Florø sentrum, samtidig som fiskeindustrien kunne profilere seg betre overfor folk flest. Opphavleg var tanken eit laksebord, men av ymse grunnar blei det endra til sild. Florø blei som kjent grunnlagt pga. det rike sildefisket utanfor her, og eit slikt arrangement kunne da også minne lokalsamfunnet om sine eigne røter (eller nøter!). Sentrale personar bak initiativet var m.a. Harry Ertresvaag frå Statoil forpleining/Kokkenes mesterlaug, marknadsjef Rolf Petter Almklov og fabrikksjef Hallgeir Helland, begge frå Skaarfish, samt dåverande kultursjef Arild Melvær frå Flora kommune.

Les meir

__________________________________________________________________________________________________
Gaularspelet
Gaularspelet byggjer på historiske hendingar i Dalsfjordområdet i vikingtida mellom år 865 og 874. Desse hendingane var viktige ikkje berre i høve til maktkampen kring samlinga av Norge men i endå større grad busettinga på Island.
Les meir

_________________________________________________________________________________________________
Kinna spelet
Sidan starten i 1985 har SoFt vore med og produsert dette tradisjonsrike spelet på Kinn. I løpet av desse åra har kring 85 000 sett spelet. Den storslåtte naturen og det naturlege lune amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe – ja, berre båtreisa ut til øya gjer Kinnaspelet til noko du ber med deg i lang tid.

Innføringa av remformasjonen i 1537 er ramma kring spelet, Kongens fut kjem med bod om dette til Kinn. Samstundes gjer han kjent at alt kyrkjegods er annektert av krona, og at Norge er gjort til lydrike under Danmark. Gjennom eit spel i spelet er vi vitne til at den irske, kristne prinsessa Sunniva flyktar frå heidenske vikingar. Ho driv i land her på kysten og vert Sankt Sunniva av Selje.
Les meir

_______________________________________________________________________________________________
Losnaspelet
Les meir